YouVersion Logo
Search Icon

1. Samuelsbok 13

13
Krig med filistrane
1 # 13,1 tretti år Talet manglar i den hebr. teksten, men finst i nokre gr. handskrifter. to år Apg 13,21 reknar med førti år. Saul var tretti år gammal då han vart konge, og han var konge over Israel i to år.
2 # 13,2 Mikmas by søraust for Betel. Saul valde seg ut tre tusen mann av Israel. To tusen av dei var saman med han ved Mikmas og i fjelltraktene ved Betel, og eitt tusen var saman med Jonatan ved Gibea i Benjamins landområde. Saul sende resten av folket heim att, kvar til sitt. 3Jonatan slo vaktstyrken til filistrane i Gibea, og det fekk filistrane høyra. Saul lét hornet gjalla over heile landet, for han sa: «Dette skal hebrearane høyra.» 4Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege vaktstyrken til filistrane, og at filistrane hadde lagt israelittane for hat. Då vart folket kalla ut for å følgja Saul til Gilgal. 5#13,5 tre tusen Omsetjinga følgjer =Septuaginta. =Masoretteksten har «tretti tusen». Bet-Aven Betel. >Jos 7,2.Filistrane samla seg til strid mot Israel med tre tusen vogner og seks tusen ryttarar og med fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei drog opp og slo leir ved Mikmas, aust for Bet-Aven. 6Israelittane vart hardt pressa, og då dei såg kor farleg det vart, gøymde nokre seg i hòler og tornebuskar, i fjellkløfter, underjordiske gangar og brønnar, 7medan andre rømde over Jordan til landområda i Gad og Gilead.
Saul var framleis i Gilgal, og heile folket følgde han, skjelvande av redsle. 8Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul. 9Då sa han: «Kom hit med brennofferet og fredsoffera!» Så bar han fram brennofferet. 10Han var nett ferdig med å ofra då Samuel kom. Og Saul gjekk til møtes med han for å helsa han velkomen. 11Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket spreidde seg og gjekk frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistrane samla seg ved Mikmas. 12Då tenkte eg: No kjem filistrane ned til Gilgal og går til åtak på meg utan at eg har bede om velvilje for Herrens andlet. Difor våga eg meg til å bera fram brennofferet.» 13Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider. 14#Apg 13,21fMen no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarte og kalla han til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde det Herren baud deg.» 15#14,2Så gjorde Samuel seg ferdig; han tok ut frå Gilgal og fór opp til Gibea i Benjamin.
Då Saul mønstra folket som hadde samla seg rundt han, var det om lag seks hundre mann. 16Saul og Jonatan, son hans, låg ved Geba i Benjamins landområde med det folket som hadde samla seg rundt dei, og filistrane hadde slege leir ved Mikmas. 17#13,17 Ofra by nordaust for Betel. Jf. Jos 18,23.Frå filistarleiren drog det ut plyndrarar i tre avdelingar. Den første gjekk i retning Ofra i Sjual-området, 18#13,18 Sebo'im-dalen kan òg omsetjast «Hyene-dalen».den andre i retning Bet-Horon og den tredje i retning grensa på høglandet over Sebo'im-dalen, mot ørkenen.
19 # Dom 5,8 Den gongen fanst det ingen smed i heile Israel. For filistrane sa: «Hebrearane må ikkje få laga seg sverd og spyd sjølve!» 20Difor laut kvar israelitt fara ned til filistrane når han skulle ha kvesst eit plogjern eller ei hakke, ei øks eller ein sigd. 21#13,21 2/3 sjekel ca. 7,6 g.Prisen var to tredjedels sjekel for plogjern og hakker, tretinda høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på stavar. 22Slik hadde det seg at den dagen slaget stod, hadde ingen av dei som følgde Saul og Jonatan, sverd eller spyd. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen.
23Forposten til filistrane rykte fram til passet ved Mikmas.

Currently Selected:

1. Samuelsbok 13: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in