1. Korintar 6
6
Rettssaker mellom kristne
1Når ein av dykk har ei sak mot ein annan, korleis kan han då våga å leggja henne fram for dei urettferdige og ikkje for dei heilage? 2#Dan 7,22; Matt 19,28Veit de ikkje at dei heilage skal dømma verda? Og når de skal dømma verda, kvifor duger de ikkje då til å dømma i småsaker? 3Eller veit de ikkje at vi skal dømma englar? Kan de ikkje då dømma i reint jordiske saker? 4Men når de har slike jordiske rettssaker, korleis kan de då setja folk til dommarar som ikkje har tillit i forsamlinga? 5Dette seier eg for at de kan skamma dykk! Finst det ikkje ein einaste vitug hos dykk som kan dømma i ei sak mellom brør? 6Nei, bror fører sak mot bror, og det for dommarar som ikkje trur. 7#Matt 5,38ff+; 1 Tess 5,15Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker mot kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap? 8Men de gjer urett og lèt andre lida tap – til og med sysken. 9#6,9–10 Versa inneheld ein lastekatalog, jf. 5,10. =katalogar.#Rom 1,29ff+; Op 22,15Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med, 10verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. 11#Tit 3,3–7+Slike har somme av dykk vore. Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande.
Kroppen høyrer Herren til
12 #
10,23
Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. 13Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen. 14#Rom 8,11+; 1 Kor 15,12ffGud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. 15#12,27+Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til horelemer? Langt ifrå! 16#1 Mos 2,24; Matt 19,5; Ef 5,31Eller veit de ikkje at den som held seg til ei hore, er éin kropp med henne? For det er sagt: Dei to skal vera éin kropp. 17#Joh 17,21ffMen den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. 18Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. 19#Joh 2,21; 3,16+Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: 20#Matt 20,28; Fil 2,5ff; 1 Tim 2,6; 1 Pet 1,18#6,20 De er kjøpte, og prisen er betalt eit bilete frå slavehandelen. Slavar tilhøyrde ikkje seg sjølve. På torget vart dei kjøpte for å tilhøyra ein herre.De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!
Currently Selected:
1. Korintar 6: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.