Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og straffar dei som bur på jorda, fordi dei rende ut blodet vårt?» Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til det var fullt, talet på medtenarane og brørne deira, dei som skulle verta ihelslegne liksom dei sjølve.