Johannes' openberring 6:5-6
Johannes' openberring 6:5-6 NO1978NN
Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa. Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»