1
Johannes' openberring 2:4
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik.
Compare
Explore Johannes' openberring 2:4
2
Johannes' openberring 2:5
Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om.
Explore Johannes' openberring 2:5
3
Johannes' openberring 2:10
Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone!
Explore Johannes' openberring 2:10
4
Johannes' openberring 2:7
Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
Explore Johannes' openberring 2:7
5
Johannes' openberring 2:2
Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar.
Explore Johannes' openberring 2:2
6
Johannes' openberring 2:3
Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt.
Explore Johannes' openberring 2:3
7
Johannes' openberring 2:17
Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.
Explore Johannes' openberring 2:17
Home
Bible
Plans
Videos