1
Jesaja 41:10
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand.
Compare
Explore Jesaja 41:10
2
Jesaja 41:13
For eg er HERREN din Gud som har gripe di høgre hand og seier til deg: «Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.»
Explore Jesaja 41:13
3
Jesaja 41:11
Sjå, til skamme og til spott blir alle som er harme på deg. Dei blir til ingenting og går til grunne, dei som går i rette med deg.
Explore Jesaja 41:11
4
Jesaja 41:9
som eg greip tak i ved endane av jorda og kalla frå hennar ytste grense. Eg sa til deg: «Du er min tenar, eg har valt deg ut og ikkje forkasta deg.»
Explore Jesaja 41:9
5
Jesaja 41:12
Du skal leita, men ikkje finna nokon som er i strid med deg. Til inkje og ingenting blir dei som er i krig med deg.
Explore Jesaja 41:12
6
Jesaja 41:14
Ver ikkje redd, Jakob, du vesle makk, og de, Israels menn! Eg hjelper deg, seier HERREN. Israels Heilage løyser deg ut.
Explore Jesaja 41:14
7
Jesaja 41:8
Men du Israel, min tenar, Jakob, som eg har valt ut, ætt av Abraham, min ven
Explore Jesaja 41:8
8
Jesaja 41:18
Eg opnar elvar på snaue høgder og kjelder midt i dalane. Eg gjer ørken til innsjø og tørt land til oppkome.
Explore Jesaja 41:18
9
Jesaja 41:17
Dei hjelpelause og fattige leitar fåfengt etter vatn, tunga tørkar ut av tørste. Eg er HERREN, eg skal svara dei, eg er Israels Gud, eg skal ikkje forlata dei.
Explore Jesaja 41:17
10
Jesaja 41:4
Kven har utført og gjort dette? Han som frå opphavs tid kalla slektene fram. Eg, HERREN, er den første, og eg er hos dei siste. Eg er Han.
Explore Jesaja 41:4
11
Jesaja 41:19-20
Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom så dei kan sjå og vita, leggja merke til og saman skjøna at HERRENS hand har gjort det, og at Israels Heilage har skapt det.
Explore Jesaja 41:19-20
Home
Bible
Plans
Videos