1
Jesaja 42:6-7
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Eg, HERREN, har kalla deg i rettferd og gripe handa di. Eg har forma deg og gjort deg til ei pakt for folket, til eit lys for folkeslaga, for å opna blinde auge og føra fangar ut or fengselet, dei som sit i mørkret, ut frå fangehola.
Compare
Explore Jesaja 42:6-7
2
Jesaja 42:8
Eg er HERREN, det er mitt namn. Mi ære gjev eg ikkje til andre, min lovsong ikkje til gudebilete.
Explore Jesaja 42:8
3
Jesaja 42:1
Sjå, min tenar, som eg støttar, min utvalde, i han har eg mi glede! Eg har lagt min Ande på han, han skal føra retten ut til folkeslaga.
Explore Jesaja 42:1
4
Jesaja 42:3-4
Han bryt ikkje eit knekt siv og sløkkjer ikkje ein rykande veike. Med truskap skal han føra retten ut. Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt før han har sett retten igjennom på jorda. Fjerne kystar ventar på hans lov.
Explore Jesaja 42:3-4
5
Jesaja 42:16
Eg fører dei blinde på ein veg dei ikkje kjenner, på stigar dei ikkje kjenner, leier eg dei. Eg gjer mørkret framfor dei til lys og ulendt mark til slette. Dette er det eg vil gjera, og eg skal ikkje la det vera.
Explore Jesaja 42:16
6
Jesaja 42:9
Dei første ting, sjå, dei er komne. No fortel eg noko nytt. Før det spirer fram, får de høyra om det.
Explore Jesaja 42:9
Home
Bible
Plans
Videos