HERREN sa: «Eg har sett nauda til mitt folk i Egypt og har høyrt skrika deira under slavedrivarane. Eg kjenner deira smerte. Eg har stige ned for å fria dei ut av hendene på egyptarane og føra dei opp frå dette landet og inn i eit godt og vidt land, inn i eit land som fløymer med mjølk og honning, staden der kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane bur.