Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans. Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.