1
5. Mosebok 11:19
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Lær dei vidare til borna dykkar, snakk om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.
Compare
Explore 5. Mosebok 11:19
2
5. Mosebok 11:18
Så ber då desse orda mine i hjarte og sinn. Bind dei om handa som eit teikn og ber dei på panna som eit merke.
Explore 5. Mosebok 11:18
3
5. Mosebok 11:13-14
Om de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar HERREN dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel, vil eg la landet få regn i rett tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn korn, ny vin og fin olje.
Explore 5. Mosebok 11:13-14
4
5. Mosebok 11:1
Difor skal du elska HERREN din Gud og alltid halda det han har fastsett, forskriftene, lovene og boda hans.
Explore 5. Mosebok 11:1
5
5. Mosebok 11:26-28
Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning: velsigning så sant de lyder boda frå HERREN dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag; forbanning dersom de ikkje lyder boda frå HERREN dykkar Gud, men tek av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.
Explore 5. Mosebok 11:26-28
6
5. Mosebok 11:20-21
Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine. Då skal de og etterkomarane dykkar få leva lenge på den jorda som HERREN med eid lova å gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.
Explore 5. Mosebok 11:20-21
7
5. Mosebok 11:16
Men akta dykk så ikkje hjartet blir ført på avvegar, så de vender dykk bort og dyrkar andre gudar og tilbed dei.
Explore 5. Mosebok 11:16
Home
Bible
Plans
Videos