YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 20

20
Vatn or berget
1I den fyrste månaden kom israelittane i samla flokk til Sin-øydemarka, og dei gav seg til i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
2Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron. #2 Mos 17,1–7 3Dei tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn! 4Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt? 5Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?»
6Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, #12,5 7og Herren sa til Moses: 8«Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.»
9Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn. 10Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?» #Sal 106,33 11Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka.#2 Mos 17,6ff; Sal 78,15f; 105,41; Jes 48,21
12Men Herren sa til Moses og Aron: «Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.»#27,13f; 5 Mos 1,37; 3,26; 4,21; 32,49f; 34,4; Sal 106,32
13Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.#20,13 Meriba «strid, trette». Sml. 27,14.#2 Mos 17,7
Israel får ikkje fara gjennom Edom
14Frå Kadesj sende Moses bod til kongen i Edom: Så seier Israel, frenden din: Du veit kor mykje strev og møde vi har hatt. #1 Mos 25,25.26; Dom 11,17 15Fedrane våre fór ned til Egypt, og der budde dei i lang tid. Men egyptarane var harde med oss og fedrane våre. #2 Mos 1,13f 16Då ropa vi til Herren, og han høyrde bøna vår. Han sende ein engel og førte oss ut or Egypt. Og no er vi i Kadesj, ein stad som ligg nær grensa til landet ditt. #2 Mos 14,19; 23,20.23 17Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje gå gjennom åkrar eller vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi skal fylgja kongsvegen og ikkje ta av til høgre eller venstre før vi er komne gjennom landet.
18Men kongen i Edom svara: «Du får ikkje fara gjennom landet mitt. Gjer du det, møter eg deg med sverd i hand.» 19Då sa israelittane til han: «Vi vil halda oss til landevegen, og dersom vi eller buskapen vår drikk av vatnet som høyrer deg til, skal eg betala for det. Det er ikkje stort eg bed om. Eg vil berre få gå gjennom landet til fots.» 20Men kongen svara: «Nei, du får ikkje gå igjennom!» Og edomittane drog ut mot dei med ein stor og velvæpna hær. 21Sidan kongen i Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, bøygde dei av og tok ei anna lei.#Dom 11,18
Aron døyr
22Israelittane tok ut frå Kadesj og kom i samla flokk til Hor-fjellet. #33,37 23Der, ved grensa mot Edom-landet, sa Herren til Moses og Aron: 24No skal Aron fara til folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane; for de var ulydige mot meg ved Meriba-kjelda. 25Ta Aron og Elasar, son hans, med deg opp på Hor-fjellet! 26Ta så prestekleda av Aron og ha dei på Elasar, son hans! For der skal Aron døy og fara til folket sitt.#2 Mos 28,2ff; 29,5ff
27Moses gjorde som Herren sa. Medan heile folket såg på, steig dei opp på Hor-fjellet. 28Moses tok prestekleda av Aron og hadde dei på Elasar, son hans. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att, #33,38; 5 Mos 10,6 29skjøna heile folket at Aron var død. Og heile Israels-ætta heldt syrgjehøgtid over Aron i tretti dagar.#5 Mos 34,8

Currently Selected:

4. Mosebok 20: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy