YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 18

18
Teneste og løn for prestar og levittar
1Herren sa til Aron: Du og sønene dine og heile farsætta di skal bera ansvaret for synder mot heilagdomen. Og du skal saman med sønene dine bera ansvaret for synder mot prestetenesta. #8,19; 18,23 2Og brørne dine av Levi-ætta, farsætta di, skal du ta med deg. Dei skal gjera teneste saman med deg, når du og sønene dine stig fram for teltet. #3,6–9 3Dei skal hjelpa deg med tenesta i heile teltet. Men dei heilage kara og altaret skal dei ikkje koma nær. Elles må de døy, både de og dei. 4Saman med deg skal dei tena i møteteltet og gjera alt det som skal gjerast der. Men ingen utanforståande må koma dykk nær 5når de gjer teneste i heilagdomen og ved altaret. Elles kan vreidedomen atter koma over israelittane.#1,53
6Det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, mellom israelittane og gjev dei til dykk som ei gåve. Dei er vigde til Herren og skal arbeida i møteteltet. #3,9.12; 8,16 7Men du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta, alt det som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget. Det arbeidet skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men kjem ein utanforståande innåt, må han døy.#1,51; 3,10.38
8Herren tala atter til Aron og sa: Eg lèt deg ta vare på dei gåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine; det skal vera din del og deira rett i all framtid. 9Av alle dei høgheilage offera skal dette høyra deg til: Av alt det som dei ber fram, av alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, alle dei høgheilage offera, skal du og sønene dine ha det som ikkje vert brent. #18,9 dei høgheilage offera Her vert det skilt mellom to slag offer: dei høgheilage gåvene, som berre menn av presteætt kunne eta (v. 9f), og dei heilage gåvene, som alle i huset åt presten kunne eta (v. 11). 10Du skal eta dei som høgheilage gåver. Berre menn kan eta dei; heilage skal dei vera for deg. #3 Mos 6,11.22; 7,6 11Av dei heilage gåvene som israelittane gjev, skal dette òg høyra deg til: Alle offer som dei svingar, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av dei.#3 Mos 22,11
12Alt det beste av olje og druesaft og korn, fyrstegrøda som dei ofrar til Herren, gjev eg deg. 13Dei fyrste fruktene av alt det som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine. Alle i huset ditt som er reine, kan eta dei. 14Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha. #3 Mos 27,28 15Alt som kjem fyrst frå morsliv, alle levande skapningar som dei ber fram for Herren, anten det er menneske eller dyr, skal høyra deg til. Men det som er fyrstefødt av menneske, skal du la dei løysa, og like eins det som er fyrstefødt av ureine dyr. #2 Mos 13,12.13; 34,19 16Når dei er ein månad gamle eller meir, skal du ta den fastsette løysesummen, fem sekel sølv, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. 17Men dei fyrstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; det skal vera eit eldoffer til godange for Herren. 18Men kjøtet skal høyra deg til, liksom brystet som vert svinga, og det høgre låret. 19Alle heilage gåver som israelittane kjem til Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. For deg og etterkomarane dine skal dette vera ei evig pakt som er vigsla med salt for Herrens åsyn.#18,19 salt —3 Mos 2,13. Saltet har evne til å få ting (matvarer) til å halda seg; difor kan det stå som bilete på at pakta er evig og ubrytande. #3 Mos 2,13; 2 Krøn 13,5
20Herren sa til Aron: Når landet vert utskift, får du inga jordeign til liks med dei andre. Eg skal vera din arv og del mellom israelittane. #5 Mos 10,9; 12,12; Jos 13,14.33; Esek 44,28 21Men eg lèt levittane få all tienda i Israel. Den skal dei ha i løn for arbeidet sitt, for tenesta ved møteteltet. #3 Mos 27,30 22Dei andre israelittane skal aldri meir koma nær møteteltet. For då fører dei synd over seg og må døy. #17,13 23Det er levittane som skal gjera teneste ved møteteltet og ha ansvar for det. Det skal vera ei evig lov, frå ætt til ætt. Dei skal inga jordeign ha mellom israelittane. 24For tienda, den heilage gåva som israelittane kjem til Herren med, lèt eg levittane få; den skal vera deira eigedom. Difor har eg sagt til dei at dei ikkje skal eiga jord liksom dei andre israelittane.#Neh 10,37f
25Herren tala til Moses og sa: 26Du skal seia til levittane: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje i heilag gåve til Herren. 27Denne gåva skal reknast for jamgod med kornet frå treskjevollen og vinen frå vinpressa. #2 Mos 22,29 28På den måten skal de òg gje Herren ei heilag gåve av all tienda de får frå israelittane. Og den delen av tienda som Herren skal ha, skal de gje til Aron, presten. 29Av alle gåvene de får, må de gje Herren det han skal ha. Den beste delen av dei skal de via til han.
30Du skal seia til dei: Når de har gjeve det beste til Herren, kan de levittar sjå på resten som de ser på det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. #18,27 31De kan eta det kvar de vil, både de og huslydane dykkar. Det er den løn de skal ha for tenesta ved møteteltet. #Matt 10,10; 1 Kor 9,13 32Når de berre gjev Herren det beste, fører de ikkje synd over dykk. Då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvene frå israelittane, og de skal ikkje døy.

Currently Selected:

4. Mosebok 18: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy