Då no manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter, då såg Guds søner at mannedøtterne var vene, og tok til konor dei som dei kåra seg. Då sa Herren: Ikkje skal min Ande døma æveleg hjå menneski; for di dei hev forset seg, er dei kjøt, og dagane deira skal vera hundrad og tjuge år. I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di Guds søner jamleg gav seg i lag med mannedøtterne og fekk søner med dei; det var kjempone, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi.