1
Johannes 6:35
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
සසඳන්න
Johannes 6:35 ගවේෂණය කරන්න
2
Johannes 6:63
Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.
Johannes 6:63 ගවේෂණය කරන්න
3
Johannes 6:27
Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.»
Johannes 6:27 ගවේෂණය කරන්න
4
Johannes 6:40
For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
Johannes 6:40 ගවේෂණය කරන්න
5
Johannes 6:29
Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
Johannes 6:29 ගවේෂණය කරන්න
6
Johannes 6:37
Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.
Johannes 6:37 ගවේෂණය කරන්න
7
Johannes 6:68
Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord
Johannes 6:68 ගවේෂණය කරන්න
8
Johannes 6:51
Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»
Johannes 6:51 ගවේෂණය කරන්න
9
Johannes 6:44
Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen.
Johannes 6:44 ගවේෂණය කරන්න
10
Johannes 6:33
Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.»
Johannes 6:33 ගවේෂණය කරන්න
11
Johannes 6:48
Eg er livsens brød.
Johannes 6:48 ගවේෂණය කරන්න
12
Johannes 6:11-12
Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»
Johannes 6:11-12 ගවේෂණය කරන්න
13
Johannes 6:19-20
Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»
Johannes 6:19-20 ගවේෂණය කරන්න
නිවස
බයිබලය
සැලසුම්
වීඩියෝ