Lukas 7:7-9
Lukas 7:7-9 NO1978NN
difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att! For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.» Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.»