Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»