1
Johannes 15:5
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.
Compară
Explorează Johannes 15:5
2
Johannes 15:4
Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg.
Explorează Johannes 15:4
3
Johannes 15:7
Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det.
Explorează Johannes 15:7
4
Johannes 15:16
De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn.
Explorează Johannes 15:16
5
Johannes 15:13
Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.
Explorează Johannes 15:13
6
Johannes 15:2
Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.
Explorează Johannes 15:2
7
Johannes 15:12
Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
Explorează Johannes 15:12
8
Johannes 15:8
På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.
Explorează Johannes 15:8
9
Johannes 15:1
Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.
Explorează Johannes 15:1
10
Johannes 15:6
Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn.
Explorează Johannes 15:6
11
Johannes 15:11
Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen.
Explorează Johannes 15:11
12
Johannes 15:10
Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.
Explorează Johannes 15:10
13
Johannes 15:17
Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
Explorează Johannes 15:17
14
Johannes 15:19
Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.
Explorează Johannes 15:19
Acasă
Biblia
Planuri
Videoclipuri