Markus 8:27-33
Markus 8:27-33 BIBEL2011
Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.» «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.» Men han forbaud dei strengt å snakka om han til nokon. Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen må lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.» Dette tala han ope om. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette. Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»