Markus 3

3
1Han gjekk inn i synagogen att. Der var det ein mann som hadde ei visna hand. 2Og dei heldt auge med Jesus om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for. 3Men han sa til mannen med den visne handa: «Reis deg og kom fram!» 4#Matt 12,10f; Luk 6,9; 13,14ff; 14,3; Joh 5,16; 9,14.16Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje. 5#Joh 12,40Då såg han på dei som stod omkring, harm og sorgfull fordi dei hadde så harde hjarte. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Mannen så gjorde, og handa hans vart god att. 6#12,13#3,6 herodianarane truleg namn på ei gruppe mektige personar som støtta den herodianske kongsætta.Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.
Folket flokkar seg kring Jesus
(Matt 4,23–25; Luk 6,17–19)
7Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea 8#3,8 Idumea gr. namn på eit område sør for Judea; det hebr. namnet er Edom. landet bortanfor Jordan området aust og nordaust for Daudehavet, òg kalla Perea. Tyros og Sidon bystatar på kysten av Fønikia ved Middelhavet. Står i evangelia som symbol på heidningverda og innbyggjarane der, som motsetning til Israel. Jf. Matt 11,21; Mark 7,24; Luk 6,17.og Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde. 9#4,1; Luk 5,3Då sa han til læresveinane at dei skulle halda ein båt klar for han, om folket skulle trengja for hardt innpå han. 10#6,56For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram for å røra ved han. 11Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!» 12#1,44+Men han truga dei og forbaud dei strengt å gjera kjent kven han var.
Jesus kallar dei tolv apostlane
(Matt 10,1–4; Luk 6,12–16)
13Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. 14#6,7ff#3,14 som han òg kalla apostlar Orda manglar i mange handskrifter. Jf. Luk 6,13. apostlar gr. for «utsending» med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. =tenester.Han peika ut tolv, °som han òg kalla apostlar,• for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna 15og ha makt til å driva ut vonde ånder. 16#Joh 1,42#3,16 Han peika ut dei tolv Orda manglar i mange handskrifter. Simon … Peter Peter er gr. for «berg». Jf. Matt 16,18.°Han peika ut dei tolv:• Det var Simon, som han kalla Peter, 17Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner – 18#3,18 Kananeos er eit aram. ord med same tyding som det gr. ordet for «selot». Jf. Luk 6,15. =retningar innanfor jødedomen.og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos 19#14,10f#3,19 Iskariot Tydinga av ordet er usikker. Somme set namnet i samband med eit aram. ord for «den falske», andre tolkar det som «ein mann frå Kerijot», ein stad i Judea.og Judas Iskariot, han som sveik han.
Jesu makt over vonde ånder
(Matt 12,22–32; Luk 11,14–23)
20 # 6,31 Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta. 21Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.
22 # 2 Kong 1,2; Matt 9,34; 10,25; 12,24.27; Luk 11,15ff # 3,22 Beelsebul namn på =djevelen. Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.» 23#3,23 likningar ein biletleg måte å tala på som er typisk for Jesus. =likning.Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan? 24Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande, 25og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande. 26Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han. 27#Jes 49,24fMen ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.
28 # 3,28 Sanneleg gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». =amen. Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar. 29#Hebr 6,4ff; 10,26; 1 Joh 5,16Men den som spottar Den heilage ande, får i all æve ikkje tilgjeving, men er skuldig i evig synd.»
30 # Joh 7,20 Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»
Jesu sanne familie
(Matt 12,46–50; Luk 8,19–21)
31 # 6,3 Då kom Jesu mor og syskena hans. Dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. 32#3,32 brørne dine og systrene dine Nokre handskrifter har berre «brørne dine». Jf. òg Matt 12,47 og Luk 8,20.Det sat ein stor flokk omkring han, og dei sa til han: «Mor di og brørne dine °og systrene dine• står utanfor og spør etter deg.» 33#3,33 syskena mine =sysken.Jesus svara: «Kven er mor mi og syskena mine?» 34Og han såg på dei som sat omkring han, og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine! 35Den som gjer Guds vilje, er bror min, syster mi og mor mi.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på