Matteus 8:14-17

Matteus 8:14-17 BIBEL2011

Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber. Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han. Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke. Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar.