Lukas 9:28-36
Lukas 9:28-36 BIBEL2011
Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite. Med eitt stod to menn og snakka med han; det var Moses og Elia. Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem. Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle. Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.