Lukas 12:4-12

Lukas 12:4-12 BIBEL2011

Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel kroppen, men sidan ikkje kan gjera meir. Eg skal visa dykk kven de skal frykta: De skal frykta han som kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de frykta! Blir ikkje fem sporvar selde for eit par skilling? Og ikkje ein av dei er gløymd hos Gud. Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar. Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar. Og kvar den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som spottar Den heilage ande, får ikkje tilgjeving. Når de må svara for dykk i synagogane og for dei som styrer og rår, ver då ikkje redde for korleis de skal forsvara dykk, eller kva de skal seia. For Den heilage ande skal læra dykk i same stund kva som må seiast.»