Sakarja 4

4
Femte syn: lysestaken og oliventrea
1Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein blir vekt frå søvnen. 2#2 Mos 25,31ff; Op 1,12 Han sa: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein lysestake av reint gull, med ei skål øvst oppe. Ho har sju lamper. Lampene har sju røyr til veiken, til lampene øvst oppe. 3#4,3 to oliventre bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Jf. v. 14. Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre og eitt til venstre for skåla.» 4Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?» 5Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette er?» Eg sa: «Nei, herre.» 6Då svara han:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren over hærskarane.
7Kven er vel du, store fjell?
Framfor Serubabel skal du bli til ei slette.
Han skal føra fram sluttsteinen under jubelrop:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg:
9 # 2,13 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hendene hans skal fullføra det.
Då skal du kjenna
at Herren over hærskarane har sendt meg til dykk.
10 # Hag 2,3; Sak 3,9 For dei som viste forakt
den dagen det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blysteinen i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens auge
som fer over heile jorda.
11Då tok eg til ords og spurde han: «Kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for lysestaken?» 12Eg tok til ords for andre gong og spurde: «Kva tyder dei to olivenkvistene attmed dei to gullrøyra som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13Han sa: «Veit du ikkje kva dette er?» «Nei, herre», svara eg. 14#Op 11,4#4,14 dei to >v. 3. Då sa han: «Dette er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over heile jorda.»

Markert nå:

Sakarja 4: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på