Johannes' openberring 6

6
Dei sju segla
(6,1–8,1)
Dei seks første segla blir brotne
1 # 4,6ff, 5,1f Og eg såg Lammet bryta det første av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med ei røyst som toreslag: «Kom!» 2#Sak 1,8; 6,3.6; 1 Kor 9,25+; Op 19,11 Og eg såg, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.
3Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen ropa: «Kom!» 4#Sak 1,8; 6,2 Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre ned. Og det vart gjeve han eit stort sverd.
5 # Sak 6,2.6 Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen ropa: «Kom!» Og eg såg, og sjå! – ein svart hest. Og han som sat på hesten, hadde ei skålvekt i handa. 6Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»
7Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!» 8#Esek 14,21 Og eg såg, og sjå! – ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket følgde med han. Dei fekk makt over fjerdedelen av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest og ved villdyra på jorda.
9 # 20,4 Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene til dei som var slakta ned for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde gjeve. 10#Sal 79,10 Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og lèt straffa for blodet vårt koma over dei som bur på jorda?» 11#3,4+ Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til talet var fullt på dei medtenarane og syskena som skulle bli drepne slik som dei sjølve.
12 # Jes 50,3; Joel 3,4 Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ei sørgjedrakt, fullmånen vart som blod, 13#Jes 34,4 og stjernene på himmelen fall ned på jorda slik umogne frukter drys frå eit fikentre i storm. 14#Hebr 1,12; Op 16,20 Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytt frå sin stad. 15#Jes 2,10.19 Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar slave og kvar fri, alle gøymde dei seg i hòler og mellom berghamrar. 16#Hos 10,8; Luk 23,30; Op 9,6Og dei sa til fjella og hamrane: «Fall over oss og løyn oss for andletet til han som sit på trona, og for vreiden til Lammet. 17#Joel 2,11; Mal 3,2 For den store vreidedagen er komen, og kven kan då bli ståande?»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på