Johannes' openberring 14

14
Lammet og dei 144 000
1 # 3,12; 5,6+ Og eg såg, og sjå! – Lammet stod på Sion-fjellet, og saman med han dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far hans skrivne på panna. 2#1,15 Frå himmelen høyrde eg ein lyd som bruset av veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine. 3#5,9; 7,4; 14,1 Og dei song ein ny song framfor trona og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.
4 # 14,4 førstegrøde står for den første delen av avlinga. Jf. Rom 8,23; 1 Kor 15,20. =offer og soning. Dette er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som jomfruer. Det er dei som følgjer Lammet kvar han går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei førstegrøde for Gud og Lammet. 5#Sal 32,2; Sef 3,13I deira munn vart det ikkje funne løgn, dei er utan feil.
Tre englar forkynner dommen
6Og eg såg endå ein engel, flygande høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og stammar, tungemål og folk. 7#2 Mos 20,11; Fork 12,13; Op 4,11 Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmelen og jorda, hav og kjelder!»
8 # Jes 21,9; Dan 4,30; 1 Pet 5,13 # 14,8 Babylon dekknamn for Roma. Jf. 17,1.18; 18,2. Ein annan engel følgde etter og ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som har skjenkt alle folkeslag med vreidevin frå horeriet sitt.»
9 # 13,16 Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: «Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, 10#1 Mos 19,24; Jer 25,15ff; Op 19,20; 20,10; 21,8 skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet. 11#13,16+; 19,3 Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.» 12#12,17; 13,10 Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus.
13 # Hebr 4,1ff Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.»
Den siste innhaustinga
14 # Dan 7,13; 10,16; Matt 8,20;1 Kor 9,25+ Og eg såg, og sjå! – ei kvit sky, og på skya sat det ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ein krans av gull på hovudet og ein skarp sigd i handa. 15#Joel 3,18; Mark 4,29 Og ein annan engel kom ut frå tempelet og ropa med høg røyst til han som sat på skya:
«Lyft sigden din og haust inn!
For tida er komen for å hausta,
og grøda på jorda er fullmogen.»
16Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.
17Då kom det endå ein engel ut frå tempelet i himmelen; han òg hadde ein skarp sigd. 18Så kom det ein annan engel frå altaret. Han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den skarpe sigden: «Send ut den skarpe sigden din og haust inn drueklasane frå vinmarka på jorda, for no er druene mogne!» 19Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene frå vinmarka på jorda og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20#Jes 63,3; Joel 3,18#14,20 1600 stadiar ca. 300 km. =mål og vekt. Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet rann frå vinpressa så det stod opp til bekselet på hestane 1600 stadiar borte.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på