Salmane 84

84
1 # 84,1 Gittit >8,1. Korah-songarane >42,1. Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.
2 # 15,1+ Kor elskelege dine bustader er,
Herre Sebaot!
3 # 42,3+ # 84,3 føregardar føregarden i tempelet. Jf. 65,5. Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel
etter Herrens føregardar.
No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.
4Sporven har funne ein heim,
svala har fått seg eit reir
der ho kan leggja sine ungar,
ved dine altar, Herre Sebaot,
min konge og min Gud.
5 # 65,5 Sæle er dei som bur i ditt hus,
dei skal alltid lova deg. Sela
6 # 122,1ff Sæle er dei som har sin styrke i deg,
dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.
7 # Jes 35,6f; 41,18f # 84,7 baka-tre treslag som veks på tørre stader. >2 Sam 5,23. =Septuaginta omset «dalen med baka-tre» med «Gråtedalen». Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,
gjer dei han til ei kjelde.
Haustregnet legg òg si signing over han.
8Dei går frå kraft til kraft,
dei stig fram for Gud på Sion.
9 Herre, allhærs Gud, høyr mi bøn,
vend øyret til, du Jakobs Gud! Sela
10 # 3,4+ # 84,10 Gud … auga hit, eller «Sjå vårt skjold, Gud». han du har salva kongen. Jf. 2,2. Gud, vårt skjold, vend auga hit,
sjå på han du har salva!
11Ja, éin dag i dine føregardar
er betre enn tusen andre.
Å liggja ved dørstokken til min Guds hus
er betre enn å bu i lovlauses telt.
12 # Jes 60,19f For Herren Gud er sol og skjold,
Herren gjev nåde og ære.
Han held ikkje tilbake det gode
for den som er heil i si ferd.
13 # 2,12+ Herre Sebaot,
sæl er den som set si lit til deg.

Markert nå:

Salmane 84: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på