Salmane 28

28
1 # 18,3+; 143,7 Av David.
Til deg, Herre, ropar eg.
Mitt berg, tei ikkje, vend deg ikkje frå meg!
Svarar du meg ikkje,
blir eg lik dei som har gått i grav.
2 # 134,2 Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp,
når eg lyfter hendene mine
mot Det høgheilage i ditt tempel.
3 # 26,9; Jer 9,8 Riv meg ikkje bort med dei skuldige,
med dei som gjer urett.
Dei talar venleg med sin neste,
men har vondskap i hjartet.
4 # 54,7; 62,13; Klag 3,64; Rom 2,6 Gjev dei att for det dei har gjort,
for deira vonde handlingar!
Gjev dei att for det hendene deira har gjort!
Lat dei få det dei fortener!
5 # Jes 5,12 For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar,
det han gjer med sine hender.
Han skal riva dei ned
og ikkje byggja dei opp att!
6Velsigna er Herren,
for han høyrer mi bøn!
7 # 3,4+ Herren er mitt vern og mitt skjold,
mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp.
Hjartet jubla, med song vil eg prisa han.
8 # 18,51+ Herren er eit vern for sitt folk,
ei tilflukt som bergar den han har salva.
9 # 29,11; Jes 40,11; 46,3f Frels ditt folk og velsigna din eigedom!
Ver du deira hyrding
og ber dei alltid!

Markert nå:

Salmane 28: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på