Job 18

18
Bildad: Redsler for den ugudelege
1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2Kor lenge? Når vil de gjera slutt på pratinga?
Tenk dykk om, og så kan vi snakka saman!
3Kvifor skulle vi bli rekna som fe?
Er vi så dumme i dykkar auge?
4Raseriet ditt riv deg sund.
Skulle jorda bli lagd aud for di skuld,
og berget flytta seg?
5 # Ordt 13,9 Lyset til den urettferdige brenn ut,
logen frå elden lyser ikkje meir.
6Lyset i teltet hans går ut,
og lampa sloknar for han.
7 # Ordt 5,22 Hans sterke steg blir hindra,
hans eigen plan feller han.
8 # Sal 35,7f Føtene hans går i garnet,
han blir fanga i nettet.
9Ei snare sit rundt hælen,
ei lykkje held han fast.
10Eit reip ligg gøymt på jorda,
ei felle på hans stig.
11 # 3 Mos 26,36 Redslene omringar han,
dei jagar i hælane på han.
12Ulukke hungrar etter han.
Undergang ventar på hans fall.
13 # 1,7f Sjukdom fortærer huda hans.
Dødens førstefødde et han opp.
14 # Sal 52,7 # 18,14 redslekongen truleg døden. Han blir riven bort frå sitt trygge telt
og ført til redslekongen.
15 # 1 Mos 19,24; 5 Mos 29,23; Sal 11,6; Luk 17,29 Redsla slår seg ned i teltet han forlét.
Svovel regnar over buplassen hans.
16 # Am 2,9 Nede tørkar røtene hans,
oppe visnar greinene.
17 # Sal 9,7; Ordt 10,7 Minnet om han blir borte frå landet,
han har ikkje meir eit namn der ute.
18Han blir driven frå lyset til mørkret,
blir jaga frå verda.
19 # Sal 21,11 Born har han ikkje,
ingen etterkomar i folket,
ingen overlevande der han budde.
20På hans dag grøssar dei i vest,
i aust blir dei gripne av redsle.
21 # 20,29 Sanneleg, slik går det med bustaden til vonde menneske,
med staden til den som ikkje kjenner Gud.

Markert nå:

Job 18: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på