Job 14

14
Mine lånte dagar
1Mennesket, fødd av ei kvinne,
lever kort og er fylt av uro.
2 # 8,9; Sal 90,6f; 102,12; 103,15; 144,4; Fork 6,12; Jes 40,6f Det spirer som blomen og visnar,
flyktar som skuggen, står ikkje i ro.
3Likevel held du auge med det,
du stemner meg for din domstol.
4 # 4,17–21; Sal 51,7; Jes 64,5; Rom 3,10 Kan det koma ein rein av ein urein?
Nei, ikkje ein einaste.
5 # Sal 31,16; 39,5; 139,16 Når dagane til mennesket er fastsette,
når du har bestemt månadstalet for det,
sett grensa det ikkje kan bryta,
6 # 7,19; 10,20; Sal 39,14 vend då blikket bort og lat det vera,
så kan det gleda seg ved sine lånte dagar.
7For eit tre finst det håp:
Blir det felt, veks det opp att,
det skal ikkje mangla friske skot.
8Om røtene i jorda blir gamle
og stubben morknar i støvet,
9så spirer det på nytt ved eimen av vatn,
set skot som eit nyplanta tre.
10Men når mannen døyr, er det ute med han;
når mennesket går bort, kvar er det då?
11Slik vatnet forsvinn frå sjøen,
slik elva minkar og tørkar ut,
12 # 7,9+ slik ligg mannen og reiser seg ikkje.
Han vaknar ikkje om så himmelen forgår,
han står ikkje opp frå søvnen.
13 # Jes 26,19–21 Om du ville gøyma meg i dødsriket,
løyna meg til vreiden din er over,
setja ein frist og så igjen hugsa på meg!
14 # 7,1 Kunne ein mann som døydde, få liv att,
då skulle eg halda ut i striden
heilt til det kom avløysing for meg.
15 # 13,22 Då kunne du ropa, og eg ville svara,
for du lengta etter dine henders verk.
16 # 13,27 Då ville du telja stega mine
utan å vakta på mi synd.
17Mine brot var bunta saman med segl,
eit dekke drog du over mi skuld.
18Men nei: Som fjellet fell og forvitrar,
slik berg vik frå sin plass,
19 # 8,13+ slik vatnet holar ut steinen
og regnskurer skyl moldjorda bort,
slik gjer du ende på håpet for mennesket.
20 # 12,17–22 Du overmannar han for alltid, og han må gå bort.
Du sender han vekk med fordreia andlet.
21Borna hans får ære, men han veit det ikkje,
det går dei dårleg, men han anar det ikkje;
22så stor smerte har han i kroppen,
så stor sorg har han i livet.

Markert nå:

Job 14: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på