Jeremia 3

3
Landet er vanhelga
1 # 5 Mos 24,1–4; Jer 2,20 Om ein mann sender bort kona si
og ho går frå han og til ein annan mann,
kan han så gå tilbake til henne?
Nei, kvinna ville bli vanhelga.
Og så skulle du,
som har drive hor med mange grannar,
koma tilbake til meg!
seier Herren.
2Lyft auga mot dei snaue høgdene og sjå!
Finst det ein stad der du ikkje lét deg ta?
Ved vegane sat du og baud deg fram
som ein nomade i ørkenen.
Du vanhelga landet
med hor og vondskap.
3 # 5 Mos 11,16f; 1 Kong 17,1; Am 4,7 Difor vart regnskurene haldne tilbake,
og vårregnet kom ikkje.
Du hadde panna til ei hore,
og du nekta å skamma deg.
4Sanneleg, no ropar du til meg:
«Min far, du er min ungdoms ven.
5 # Sal 103,9 Vil han vera vreid til evig tid,
vil han alltid gøyma på sin harme?»
Det seier du, men du har handla vondt
og det til gagns.
Dei trulause systrene
6 # 2 Kong 17,10; Jer 2,20 Herren sa til meg i kong Josjias dagar:
Har du sett kva den fråfalne Israel har gjort? Ho gjekk opp på kvar høg haug og inn under kvart frodig tre og dreiv hor der. 7Eg tenkte: «Når ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho koma tilbake til meg.» Men ho kom ikkje att.
Dette såg Juda, den trulause systera hennar. 8#2 Kong 17,18f; Jes 50,1 Og ho såg at eg sende bort den fråfalne Israel fordi ho braut ekteskapet, og at eg gav henne skilsmissebrev. Den trulause systera Juda vart ikkje redd. Ho òg gjekk bort og dreiv hor. 9Med sitt lettsindige horeliv vanhelga ho landet; ho braut ekteskapet med stein og tre. 10Og trass i alt dette vende den trulause systera Juda ikkje attende til meg av heile sitt hjarte; ho berre lét som ho gjorde det, seier Herren.
11 # Esek 16,51f Herren sa til meg: Den fråfalne Israel er meir rettferdig enn den trulause Juda. 12Gå og rop ut desse orda mot nord:
Vend attende, du fråfalne Israel!
seier Herren.
Eg er ikkje lenger sint på dykk,
for eg er trufast,
seier Herren.
Eg er ikkje vreid til evig tid.
13 # Sal 32,5; Ordt 28,13 Berre innsjå di skuld.
For du har gjort opprør mot Herren din Gud.
Du baud deg fram for framande
under kvart frodig tre.
Du høyrde ikkje på mi røyst,
seier Herren.
Samlinga på Sion
14 # Jes 54,5 Kom tilbake, de bortkomne søner! seier Herren. For eg er herre over dykk. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei slekt, og føra dykk til Sion. 15#23,4#3,15 gjetarar >2,8. Så gjev eg dykk gjetarar som er etter mitt hjarte, og dei skal gjeta dykk med kunnskap og forstand. 16#31,33 I dei dagane, seier Herren, når de blir mange og er fruktbare i landet, skal dei ikkje lenger seia «Herrens paktkiste» og ikkje tenkja på henne. Dei skal ikkje minnast henne eller leita etter henne, og det skal ikkje lagast noka ny. 17#Jes 2,2ff; 18,7 På den tida skal dei kalla Jerusalem for Herrens trone. Der skal alle folkeslag samla seg, i Herrens namn, i Jerusalem. Dei skal ikkje lenger følgja sitt vonde og sjølvrådige hjarte.
18I dei dagane skal Judas hus gå i lag med Israels hus, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til eige.
Israel sannar si synd
19Eg sa:
Eg vil setja deg mellom søner
og gje deg eit herleg land,
den prektigaste arven mellom folkeslaga.
Eg tenkte de ville kalla meg far
og ikkje venda dykk bort frå meg.
20Men som ei kvinne er trulaus mot venen sin,
slik var de trulause mot meg, Israels hus,
seier Herren.
21 # 2,32 Det høyrest rop på dei snaue høgdene,
gråt og bøner frå israelittane.
For dei har gått krokete vegar,
dei har gløymt Herren sin Gud.
22Kom tilbake, bortkomne søner,
så skal eg lækja dykkar fråfall.
«Sjå, vi kjem til deg,
for du er Herren vår Gud.
23 # Sal 3,9; 68,20f; Jes 45,24 # 3,23 det … haugane Haugane var staden for urett gudsdyrking og dyrking av andre gudar. Jf. Hos 4,13. Sanneleg, løgn er det som kjem frå haugane,
larmen frå fjella.
Sanneleg, hos Herren vår Gud
er det frelse for Israel.
24 # 11,13; Hos 9,10 # 3,24 Skamma hebr. bosjet, spottande namn på Baal. Skamma har ete opp
det fedrane våre streva for
heilt frå vår ungdom,
sauer og oksar,
søner og døtrer.
25 # Dan 9,7f Så lat oss liggja i vår skam,
lat vanæra dekkja oss!
For mot Herren vår Gud har vi synda,
både vi og fedrane våre,
frå vår ungdom og til denne dag.
Vi har vore ulydige mot røysta til Herren vår Gud.»

Markert nå:

Jeremia 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på