Hosea 7

7
1 # 12,1 når eg gjer Israel frisk,
då blir Efraims skuld avslørt,
og Samarias vondskap.
Dei fer med svik,
tjuven bryt seg inn,
røvarane herjar i gata.
2 # 5,3 Dei seier ikkje til sitt hjarte
at eg hugsar all deira vondskap.
Men no er dei ringa inn av sine gjerningar,
eg har dei for auge.
3Dei gleder kongen med sin vondskap
og stormennene med løgnene sine.
4 # 7,4 ekteskapsbrytarar menneske som dyrkar andre gudar. >2,5. Jf. Jes 57,3. Alle er dei ekteskapsbrytarar,
lik ein omn så heit
at bakaren ikkje treng å fyra
frå deigen er knadd og til han har heva seg.
5 # Ordt 20,1+ På vår konges dag
gjer dei stormenn sjuke
av heten frå vinen.
Han rekkjer handa til spottarar.
6Hjartet deira liknar ein omn
der dei ligg på lur.
Heile natta søv harmen deira,
om morgonen brenn han som logande eld.
7 # Sal 14,4; Jes 64,6 Alle er dei heite som ein omn,
dei et dommarane sine.
Alle kongane deira er falne,
ingen av dei kallar på meg.
8Efraim blandar seg med folka.
Efraim har vorte ein brødleiv som ikkje er snudd.
9Framande har ete krafta hans,
men han veit det ikkje.
Han er alt overstrødd med grått hår,
men han veit det ikkje.
10 # 5,5; Am 4,6+; Hag 2,17 Israels hovmod vitnar mot han,
men dei vender ikkje om til Herren sin Gud,
dei søkjer han likevel ikkje.
11 # 5,13+ Efraim har vorte som ei due,
godtruande og utan forstand.
Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assur.
12 # 2 Kong 17,4ff; Esek 12,13; 17,20; 32,3 Når dei dreg,
kastar eg nettet mitt over dei,
eg dreg dei ned som himmelens fuglar,
eg fangar dei når eg høyrer flokken deira.
13 # Sal 81,12f Ve dei, for dei rømde frå meg!
Død over dei, for dei braut med meg!
Eg ville løysa dei ut,
men dei tala løgn mot meg.
14 # 7,14 rispar … seg opp rite knytt til Baal-dyrkinga, jf. 1 Kong 18,28, eller sørgjeskikk, jf. 5 Mos 14,1; Mi 4,14. =sørgjeskikkar. Dei ropar ikkje til meg av hjartet,
men jamrar seg der dei ligg,
for korn og ny vin rispar dei seg opp.
Dei vender seg bort frå meg.
15Eg lærte dei opp,
og eg gav armane deira styrke,
men dei tenkte ut vondt mot meg.
16 # Sal 78,57 # 7,16 men ikkje til meg Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Dei vender om, men ikkje til meg,
dei har vorte som ein slakk boge.
Stormennene deira skal falla for sverd
på grunn av si hatske tunge.
Dette fører spott over dei i Egypt.

Markert nå:

Hosea 7: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på