5. Mosebok 32

32
1 # 31,28; Jes 1,2 Høyr, de himlar, eg vil tala,
lat jorda høyra ordet frå min munn!
2 # Ordt 4,2 Lat mi lære risla som regn,
min tale drypa som dogg,
som regnskurer på grøne enger,
som regndropar over alt som gror.
3 # Sal 34,4; Op 14,7 Herrens namn vil eg forkynna,
gje vår Gud ære!
4 # 7,9; Sal 25,8; 92,16 # 32,4 Berget Gud Jf. v. 15.18.30f.37; Jes 44,8; Sal 78,35. Berget, fullkome er hans verk,
for hans vegar er alltid dei rette.
Ein trufast Gud, utan svik,
rettferdig og rettvis er han.
5 # Jes 1,3 Dei sveik han med si vonde ferd,
dei som ikkje er hans born,
ei trulaus og rangsnudd slekt.
6Er det slik de løner Herren,
du dumme, fåvise folk?
Er han ikkje din far og skapar?
Han forma deg og held deg oppe.
7Kom dei eldgamle dagar i hug,
gjev akt på åra frå slekt til slekt!
Spør far din, lat han fortelja deg,
spør dei gamle, lat dei gje deg svar.
8Då Den høgste gav folkeslaga land
og skilde menneska frå kvarandre,
sette han grenser mellom folka
etter talet på Israels søner.
9 Herrens del er hans eige folk,
Jakob er hans arvelut.
10 # Jer 2,2f; Hos 9,10; Sak 2,12 Herren fann han i ørkenlandet,
i den aude, hylande ørkenen.
Han verna han, tok hand om han
og vakta han som sin augnestein.
11 # 2 Mos 19,4; Jes 63,9 Lik ei ørn
som får ungane til å flyga frå reiret
og svevar over dei,
slik breidde han ut sine venger,
greip han og bar han på vengene.
12 Herren åleine leidde han,
ingen framand gud var hos han.
13Han lét han ri fram over høgdene i landet
og lét han eta av grøda på åkeren,
suga honning frå berget
og olje frå steinharde fjellet,
14 # 32,14 nyrefeittet av kveiten kan òg omsetjast «den feitaste mergen av kveiten». gav han rømme frå buskapen,
mjølk frå småfe og feitt frå lam,
av Basan-vêrar og bukkar,
og nyrefeittet av kveiten.
Drueblod drakk du, skummande vin.
15 # 31,20; Neh 9,25f # 32,15 Jesjurun poetisk heidersnamn på Israel. Jf. 33,5.26; Jes 44,2. Namnet kjem kanskje av eit ord som tyder «rett» eller «ærleg». Jesjurun vart feit og spente bakut;
du vart feit, du vart tjukk og stinn.
Han vraka Gud, som hadde skapt han,
og vanvørde frelsesfjellet.
16Dei gjorde han sjalu med framande gudar,
gjorde han rasande med det avskyelege.
17 # Sal 106,37 Dei ofra til ånder som ikkje er gudar,
til guddomar dei ikkje kjende,
nye gudar som nyst var komne,
gudar fedrane dykkar ikkje visste om.
18 # Jes 42,14; 51,2 Berget som fødde deg, vørde du ikkje,
du gløymde Gud, som fødde deg i smerte.
19Herren såg det, støytte han dei bort,
for sønene og døtrene hans hadde krenkt han.
20 # 31,17f Han sa: Eg vil løyna andletet for dei
og sjå korleis det går dei til slutt;
for dei er ei vrangsnudd slekt,
born utan truskap.
21 # Rom 10,19 # 32,21 som ikkje er eit folk hebr. «ikkje-folk», sett opp mot «ikkje-gudar» på ein sarkastisk måte. Dei gjorde meg sjalu med gudar som ikkje er gudar,
med avgudar gjorde dei meg rasande.
Så vil eg gjera dei sjalu med eit folk som ikkje er eit folk,
med eit uvitug folkeslag gjer eg dei rasande.
22For i min harme har eg tent ein eld,
han brenn til djupaste dødsriket.
Han øyder jorda og grøda hennar
og set grunnvollen under fjella i brann.
23 # 32,42; Esek 5,16; 14,21 Eg vil la ulukker hopa seg opp om dei
og bruka opp pilene mine mot dei.
24 # 28,22 Kraftlause blir dei av svolt,
tærest av pest og farleg sott.
Eg sender mot dei ville dyr med skarpe tenner
og giftige ormar som kryp i støvet.
25Ute gjer sverdet barnlaus,
inne drep redsla
både ung gut og jente,
spedbarn og gråhåra mann.
26Eg tenkte: «Eg skal knusa dei,
viska ut minnet deira blant menneske.»
27 # 4 Mos 14,13–16; Esek 20,14 Men eg vart redd for at fiendane skulle krenkja meg,
at motstandarane deira ville mistyda det
og seia: «Vår eiga hand er lyft,
det var ikkje Herren som gjorde alt dette.»
28Dei er eit folk utan råd som duger,
eit folk utan innsikt.
29Var dei vise, skjøna dei dette
og visste kvar det bar.
30 # 32,4; Jes 30,17 Korleis kan éin mann jaga tusen
og to slå ti tusen på flukt,
om ikkje deira fjell har selt dei
og Herren har gjeve dei opp?
31For deira berg er ikkje som vårt,
det kan fiendane våre dømma om.
32 # 29,23 # 32,32 vinstokken … frå Sodoma Ulukke vil ramma fienden på same måten som Sodoma. Jf. v. 35. For vinstokken deira stammar frå Sodoma
og frå terrassane i Gomorra.
Druene deira er giftige,
drueklasane beiske.
33Slangegift er deira vin,
eitrande gift frå ormar.
34Men alt dette er gøymt hos meg,
forsegla i mitt forrådskammer
35 # Rom 12,19; Hebr 10,30 til hemnens dag då gjengjeldinga kjem,
då foten deira blir ustø.
Ja, ulukkedagen nærmar seg,
det som ventar dei, kjem snart.
36Men Herren vil skaffa folket sitt rett
og ha medkjensle med sine tenarar,
for han ser at makta deira er borte,
det er ute med både fange og fri.
37Så spør han: Kvar er no gudane deira,
berget der dei søkte tilflukt,
38 # Dom 10,14; 1 Sam 12,21; Jer 2,28 dei som åt feittet av slaktofferet deira
og drakk vinen frå drikkofferet?
Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,
lat dei gje dykk ly og vern!
39 # 4,35; 1 Sam 2,6; Jes 43,10.13; 44,6; 45,5–7.22; Hos 6,1; Joh 8,24.28; 13,19 Sjå no, eg er Han!
Det finst ingen annan gud enn eg.
Eg tek liv og gjev liv,
eg sårar og eg lækjer,
og ingen kan berga noko ut av mi hand.
40Eg lyfter handa mot himmelen
og seier: Så sant eg lever til evig tid,
41når eg kvesser mitt lynande sverd
og rekkjer handa ut til doms,
skal eg ta hemn over motstandarane mine
og straffa dei som hatar meg.
42Eg gjer mine piler drukne av blod,
blodet av falne og fangar,
sverdet mitt skal eta kjøt,
hovud av fiendens hovdingar.
43 # Sal 9,13; Rom 15,10; Op 19,2 # 32,43 Pris … de folkeslag Eit handskrift frå =Qumran har ein annan tekst: «Jubla med han, de himlar, og tilbe han, alle gudar!» Jf. Sal 97,7; Hebr 1,6. Pris hans folk, de folkeslag,
for han hemnar blodet til sine tenarar.
Han tek hemn over fiendane
og gjer soning for sitt land og folk.
44Moses kom og sa fram heile denne songen, han og Josva, son til Nun, medan folket høyrde på. 45Då Moses var ferdig med å seia fram alle desse orda for heile Israel, 46#11,18–21; 26,16 sa han: «Legg dykk no på hjartet alle dei orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og byd borna dykkar at dei skal halda kvart ord i denne lova og leva etter dei. 47#30,20; Joh 6,63 For dette er ikkje tomme ord for dykk, men sjølve livet. Ved desse orda skal de leva lenge i det landet de no skal ta når de går over Jordan.»
Moses skal døy på Nebo-fjellet
48Same dagen sa Herren til Moses: 49#4 Mos 27,12–14 «Stig opp på Abarim-fjellet, på fjellet Nebo som ligg i Moab, midt imot Jeriko, og sjå ut over Kanaan, det landet eg vil gje israelittane til eige. 50#4 Mos 20,23–26 Og du skal døy på det fjellet som du går opp på, og sameinast med folket ditt, liksom bror din, Aron, døydde på fjellet Hor og vart sameina med folket sitt. 51Dette skjer fordi de var trulause mot meg blant israelittane ved Meriba-kjelda i Kadesj i Sin-ørkenen og ikkje helga meg blant dei. 52#34,4 Du skal få sjå landet framfor deg, men du skal ikkje koma inn i det, inn i landet eg vil gje israelittane.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på