Romarane 4
4
Abrahams tru
1Kva skal vi då seia om Abraham, vår jordiske stamfar? Kva oppnådde han? 2#4,2 vera stolt av uttrykk som er typisk for Paulus. Blir brukt om alt det stolte og sjølvsikre hos menneska.Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å vera stolt av. Men det har han ikkje for Gud. 3#1 Mos 15,6; Gal 3,6For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig. 4Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde. 5#3,28; Fil 3,9Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege. Han blir rekna som rettferdig fordi han trur. 6Slik prisar òg David det mennesket sælt som Gud reknar som rettferdig utan at det har gjerningar:
7 #
Sal 32,1f Sæle er dei
som har fått sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte.
8 Sælt er det mennesket
som Herren ikkje tilreknar synd.
9 #
1 Mos 15,6
Dei som her blir prisa sæle, er det berre dei omskorne eller er det dei uomskorne òg? Vi sa at Abraham vart rekna som rettferdig fordi han trudde. 10#1 Mos 17,9ffKorleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren. 11#Gal 3,7Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. Slik skulle han bli far til alle uomskorne som trur, så dei kan reknast som rettferdige. 12Men han skulle òg bli far til dei omskorne når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg følgjer etter Abraham, far vår, og eig den trua han hadde før han vart omskoren.
Lovnaden til Abraham
13 #
1 Mos 22,17f For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru. 14Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua utan meining og lovnaden sett ut av kraft. 15#3,20; 5,13.20; 7,7ff; Gal 3,19For lova kallar fram vreide, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot. 16#Gal 3,7Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile etterslekta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. For han er far for oss alle, 17#1 Mos 17,5; Joh 5,21; Hebr 11,19som det står skrive: Eg har gjort deg til far for mange folk. Han er vår far i Guds auge; for han trudde Gud, han som gjer dei døde levande og byd at det som ikkje er, skal bli til. 18#1 Mos 15,5Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli. 19#1 Mos 17,17Han var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å bli mor. 20#Hebr 11,8ffHan var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. 21For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. 22#1 Mos 15,6; Rom 4,3Difor vart han rekna som rettferdig.
23Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han. 24#1 Pet 1,21Det gjeld oss òg. Vi skal reknast som rettferdige når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, 25#Jes 53,4f; Rom 8,32; 1 Joh 2,2han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle bli rettferdige.
Markert nå:
Romarane 4: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.