Salmane 83
83
1Ein song. Ein salme av Asaf.
2 #
28,1; 109,1 Gud, hald deg ikkje i ro,
ver ikkje still og tagal, Gud!
3 #
74,23
Fiendane dine buldrar!
Dei som hatar deg, lyfter hovudet.
4 #
31,14
Dei legg listige planar mot ditt folk,
dei held samråd mot dei du vernar.
5Dei seier: «Kom, lat oss sletta dei ut som folk,
så Israels namn ikkje blir hugsa meir!»
6Dei held råd og blir samde,
dei lagar ei pakt mot deg,
7 #
1 Krøn 5,10.19; Am 2,1 # 83,7 hagrittane ørkenstamme som kanskje har namnet sitt etter Hagar, følgjekona til Abraham. Jf. 1 Mos 16,1ff. Edoms telt og ismaelittane,
Moab og hagrittane,
8 #
2 Mos 17,8; 5 Mos 25,17f; Am 1,6ff # 83,8 Gebal folk i fjellandet sør og aust for Daudehavet. Gebal, Ammon og Amalek,
Filistarland og dei som bur i Tyros,
9 # 83,9 Lots søner Ammon og Moab. Jf. 1 Mos 19,30ff. jamvel Assur sluttar seg til dei
og er ein sterk arm for Lots søner. Sela
10 #
Dom 4; 6–8 Gjer med dei som med Midjan,
som med Sisera og Jabin ved Kisjon-bekken.
11Dei vart utrydda ved En-Dor,
vart til gjødsel på marka.
12 #
Dom 7,21; 8,12.21 Lat fyrstane deira bli som Oreb og Seeb,
alle hovdingane som Sebah og Salmunna!
13For dei sa: «Vi vil ta Guds beitemarker i eige.»
14 #
1,4+ Min Gud, lat dei bli som tisteldun,
som halmstrå for vinden!
15 #
Jes 5,24
Som elden brenner opp ein skog
og logane set fjell i brann,
16slik må du jaga dei med din storm
og skremma dei med dine stormkast.
17 #
6,11+ Fyll andletet deira med skam
så dei spør etter ditt namn, Herre.
18Lat dei bli slegne av skam og skrekk for alltid,
lat dei bli vanæra og gå til grunne!
19 #
92,9; 96,4; 97,9 Måtte dei skjøna at ditt namn er Herren,
einast du er Den høgste over all jorda.
Markert nå:
Salmane 83: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.