Salmane 82
82
1 #
1 Kong 22,19; Job 2,1; Sal 89,8; 138,1 # 82,1 gudar himmelske skapningar i Guds råd. Jf. Guds søner, Job 1,6; Sal 29,1. Her kanskje bilete på leiarane i Israel. Ein salme av Asaf.
Gud står fram i gudars forsamling,
midt mellom gudar held han dom:
2 #
5 Mos 1,17; Sal 58,2; Ordt 17,15 # 82,2 skuldige Det hebr. ordet kan òg omsetjast «lovlause», jf. v. 4. >1,1. Kor lenge vil de dømma med urett
og halda med dei skuldige? Sela
3 #
2 Mos 23,6; Jes 1,17.23 Hjelp svake og farlause til deira rett,
frikjenn hjelpelause og fattigfolk,
4berg fattige og svake,
fri dei frå handa til dei lovlause!
5Dei veit ingenting, skjønar ingenting,
dei ferdast i mørker,
alle grunnvollar under jorda vaklar.
6 #
Joh 10,34
Eg har sagt: «De er gudar,
søner av Den høgste er de alle.
7Men de skal døy slik eit menneske døyr,
og falla slik ein av fyrstane fell.»
8 #
7,7+ Reis deg, Gud, hald dom over jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Markert nå:
Salmane 82: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.