Salmane 116
116
1 #
18,2
Eg elskar Herren,
for han høyrde mitt rop om nåde.
2Han vende øyret til meg,
eg vil kalla på han alle mine dagar.
3 #
18,5f+ Dødens band snørte seg om meg,
redsler frå dødsriket nådde meg,
eg fann berre naud og sorg.
4Då kalla eg på Herrens namn:
«Å, Herre, berg livet mitt!»
5 #
2 Mos 34,6f; Sal 86,5+ Herren er nådig og rettferdig,
vår Gud er mild.
6 Herren vaktar dei uvitande,
han kom meg til hjelp då eg var langt nede.
7 #
42,6+ Kom til ro att, mi sjel,
Herren har svara deg!
8 #
56,14+ Ja, du har fria mitt liv frå døden,
auget frå tårer og foten frå å snubla.
9 # 116,9 landet til dei levande >27,13. Eg skal ferdast for Herrens andlet
i landet til dei levande.
10 #
2 Kor 4,13
Eg trudde, også då eg sa:
«Eg er hardt plaga.»
11 #
Rom 3,4
Eg sa i min angst:
«Alle menneske lyg.»
12Kva kan eg gje Herren att
for alt det gode han gjer?
13Eg lyfter frelses beger
og kallar på Herrens namn.
14 #
22,26+ Eg oppfyller mine lovnader til Herren
framfor heile hans folk.
15 #
72,14
Det kostar Herren mykje
at hans trugne døyr.
16Å, Herre, eg er din tenar,
ein tenar og son til di tenestekvinne.
Du har løyst mine lenkjer.
17 #
50,14+ Eg slaktar takkoffer til deg
og kallar på Herrens namn.
18Eg oppfyller mine lovnader til Herren
framfor heile hans folk,
19i føregardane til Herrens hus,
midt inne i deg, Jerusalem.
Halleluja!
Markert nå:
Salmane 116: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.