Ordtaka 18
18
1Ein einstøing følgjer si eiga lyst,
glefser mot alle kloke råd.
2 #
12,23
Dåren bryr seg ikkje om innsikt,
han vil berre visa kva han tenkjer sjølv.
3Kjem ein urettferdig, kjem forakt,
og med skam følgjer spott.
4 #
20,5
Ein manns ord er som djupt vatn,
og visdomens kjelde er ein bekk som vell fram.
5 #
17,15+; 24,23 Det er gale å halda med ein urettferdig
og driva den rettferdige bort frå retten.
6Dårens lepper valdar strid,
munnen hans ropar etter riset.
7 #
10,19+ Dårens munn blir hans undergang,
leppene blir ei snare for han.
8 #
Ordt 26,22
Ord frå ein baktalar er som lekre retter,
dei glid ned i magen.
9Den som forsømer arbeidet sitt,
er bror til den som øydelegg.
10 #
Sal 61,4
Herrens namn er eit festningstårn,
dit spring den rettferdige og finn vern.
11 #
10,15
Rikmanns gods er hans faste borg,
i hans tanke er det som ein vernande mur.
12 #
16,18+ Før mannen fell, er han stolt i hjartet,
føre ære går audmjukt sinn.
13Den som svarar før han høyrer,
er dum og haustar skam.
14 #
17,22
Motet held eit menneske oppe i sjukdom,
men mismot, kven kan bera det?
15Eit klokt hjarte kjøper seg kunnskap,
vismenns øyre søkjer kunnskap.
16 #
17,8+ Gåver opnar dører
og gjev tilgang til dei store.
17Den som talar først i ei sak, får rett,
til motparten kjem og spør han ut.
18Loddkasting gjer ende på tretter
og avgjer strid mellom mektige.
19Ein krenkt bror er ein festningsby;
krangel er som bommen på ein borgport.
20 #
12,14
Magen nyt godt av det munnen ber fram,
leppene ber frukt som mettar.
21 #
Jak 3,5f Tunga har makt over død og liv,
dei som gjerne bruker henne, får smaka frukta.
22 #
12,4; 19,14 Den som finn ei kone, finn lukka;
han har vunne velvilje hos Herren.
23Den fattige kjem med bøn om nåde,
den rike svarar med harde ord.
24 #
17,17
Det finst vener som skader kvarandre,
men ein sann ven er meir trufast enn ein bror.
Markert nå:
Ordtaka 18: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.