4. Mosebok 9
9
Korleis israelittane skal halda påske
1 #
2 Mos 12,1–14; 3 Mos 23,5ff Herren tala til Moses i Sinai-ørkenen i den første månaden i det andre året etter at dei hadde gått ut av landet Egypt. Han sa: 2«Israelittane skal halda påske til fastsett tid. 3Den fjortande dagen i denne månaden, i skumringa, skal de halda høgtida til fastsett tid. De skal halda henne etter alle lover og forskrifter.» 4Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske. 5Dei heldt påske i Sinai-ørkenen, i den første månaden på den fjortande dagen, i skumringa. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde pålagt Moses.
6 #
19,11–16
Det var nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Dei samla seg framfor Moses og Aron same dagen. 7Desse mennene sa: «Vi kom nær eit lik og vart ureine. Kvifor blir vi nekta å bera fram Herrens offer på høgtida saman med dei andre israelittane?» 8#3 Mos 24,12Då svara Moses: «Vent, så skal eg høyra kva Herren pålegg dykk.»
9 Herren sa til Moses: 10Tal til israelittane og sei: Kvar den som kjem nær eit lik og blir urein, eller som er på ei lang reise, anten det er av dykk eller etterkomarane dykkar, og som ønskjer å halda påske for Herren, 11#2 Mos 12,8; 2 Krøn 30,2ffskal halda han i den andre månaden, på den fjortande dagen. Med usyra brød og bitre urter skal dei eta påskelammet. 12#2 Mos 12,10.46; Joh 19,36Dei må ikkje la noko av lammet bli att til neste morgon eller bryta noko bein på det. Dei skal halda påske i samsvar med forskriftene. 13Om ein mann som er rein og ikkje er på reise, lèt vera å halda påske, skal han utryddast av folket sitt fordi han ikkje bar fram Herrens offer på høgtida. Den mannen må bera straffa for si synd. 14#2 Mos 12,49Når ein innflyttar som bur hos dykk, vil halda påske for Herren, skal han feira i samsvar med dei lovene og forskriftene som gjeld for høgtida. Ei og same ordning skal gjelda for dykk, både for innflyttaren og for den som er fødd i landet.
Skya over bustaden
15 #
2 Mos 24,15f; 40,36ff; 4 Mos 20,6 # 9,15 skya som Herren openberrar seg i. Jf. 2 Mos 13,21; 40,34. bustaden >1,50. Den dagen bustaden vart reist, dekte skya bustaden, altså vitnemålsteltet. Om kvelden låg ho over bustaden og såg ut som eld, heilt til om morgonen. 16Slik var det alltid. Skya dekte teltet, og om natta såg det ut som eld. 17Kvar gong skya lyfte seg frå teltet, braut israelittane opp, og på den staden der skya stansa, slo dei leir. 18På Herrens ord braut israelittane opp, og på Herrens ord slo dei leir. Så lenge skya låg over bustaden, heldt dei seg i leiren.
19Når skya låg over bustaden i fleire dagar, heldt israelittane Herrens påbod. Dei braut ikkje opp. 20Det hende at skya låg nokre få dagar over bustaden. På Herrens ord heldt dei seg i leiren, og på Herrens ord braut dei opp. 21Det hende at skya låg frå kveld til morgon. Når skya lyfte seg om morgonen, braut israelittane opp. Anten det var dag eller natt, braut dei opp når skya lyfte seg. 22Anten skya låg over bustaden eit par dagar eller ein månad eller endå lenger, heldt israelittane seg i leiren og braut ikkje opp. Men når skya lyfte seg, braut dei opp. 23På Herrens ord slo dei leir, og på Herrens ord braut dei opp. På Herrens ord gjennom Moses heldt dei Herrens påbod.
Markert nå:
4. Mosebok 9: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.