Matteus 2
2
Vismennene hyllar Jesus
1 # 2,1 Herodes Herodes den store var konge i Palestina under romersk herredøme 37–4 f.Kr. =Herodes-slekta. Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem 2#4 Mos 24,17og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» 3Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. 4Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. 5#Joh 7,42«I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
6 #
Mi 5,1; Joh 10,11+ Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
For frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.»
7Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. 8Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» 9Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. 10Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. 11#Sal 72,10f; Jes 60,6#2,11 myrra aromatisk saft frå myrrabusken, brukt i salve og parfyme. =planter. Røykjelse og myrra blir i GT ofte nemnde saman. Jf. Sal 45,9; Høgs 3,6–11.Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. 12Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.
På flukt til Egypt
13Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» 14Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. 15#Hos 11,1Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
Frå Egypt kalla eg son min.
Barnemordet i Betlehem
16Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. 17Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
18 #
Jer 31,15
I Rama høyrest skrik,
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.
Frå Egypt til Nasaret
19Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt 20#2,13og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» 21Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. 22#Luk 1,26; 2,39#2,22 Arkelaos vart landsfyrste over Samaria, Judea og Idumea etter Herodes den store og regjerte i 4 f.Kr.–6 e.Kr. =Herodes-slekta.Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. 23#Dom 13,5–7Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.
Markert nå:
Matteus 2: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.