Jona 3

3
Jona i Ninive
1 Herrens ord kom til Jona andre gongen: 2#1,2«StÄ opp og gÄ til storbyen Ninive! Den bodskapen eg gjev deg, skal du ropa ut over byen.»
3Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Men Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsreiser lang. 4Jona byrja Ä gÄ innover i byen, og dÄ han hadde gÄtt ei dagsreise, ropa han: «Enno fÞrti dagar, og sÄ skal Ninive bli Þydelagd!»
5 # Joel 1,14+; Matt 12,41 # 3,5 sekkestrie grov tekstil av dyrehĂ„r, eit ytre teikn pĂ„ sorg eller anger. =sĂžrgjeskikkar. DĂ„ trudde folket i Ninive pĂ„ Gud. Dei ropa ut ei faste og kledde seg i sekkestrie, bĂ„de store og smĂ„. 6#Est 4,3; Dan 9,3#3,6 sette seg i oske Å sitja i kald oske var eit ytre teikn pĂ„ Ă„ angra og vera audmjuk.DĂ„ kongen av Ninive fekk hĂžyra om dette, reiste han seg frĂ„ tronstolen og tok av seg kongekappa. Han kledde seg i sekkestrie og sette seg i oske.
7Han lét ropa ut i Ninive: «Etter pÄbod frÄ kongen og stormennene hans: Ingen, korkje menneske eller dyr, storfe eller smÄfe, mÄ smaka noko som helst. Dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. 8#Jer 4,8; 26,3Dei skal kle seg i sekkestrie, bÄde menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt. Kvar og ein skal venda om frÄ sin vonde veg og sine overgrep. 9#Joel 2,14Kven veit, kan henda vil Gud snu om og angra og venda seg bort frÄ den brennande vreiden sin, sÄ vi ikkje gÄr under.»
10 # Jer 18,8; Am 7,3.6+ Gud sÄg det dei gjorde, at dei vende om frÄ sin vonde veg. DÄ angra Gud pÄ det vonde han hadde sagt han ville gjera mot dei, og han gjorde det ikkje.

Markert nÄ:

Jona 3: Bibel2011

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha hÞydepunktene lagret pÄ alle enhetene dine? Registrer deg eller logg pÄ