Jesaja 40:12-14
Jesaja 40:12-14 NO2011NN
Kven kan måla opp vatnet i si hole hand, måla himmelen med utspente fingrar? Kven kan samla støvet på jorda i eit mål, vega fjella med vekt og haugane på vektskåler? Kven kan måla HERRENS ande og gjera sitt råd kjent for han? Kven har han samrådd seg med som kunne gje han forstand, læra han rettens veg, læra han kunnskap og visa veg til innsikt?