5. Mosebok 8

8
Det gode landet
1Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de trufast følgja. Då skal de få leva og bli talrike og få koma inn og ta i eige det landet som Herren med eid lova fedrane dykkar.
2Hugs den lange vegen som Herren din Gud førte deg desse førti åra i ørkenen. Han ville audmjuka deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjartet ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. 3#2 Mos 16,14–35; Matt 4,4Han audmjuka deg; han lét deg svelta og lét deg eta manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød; mennesket lever av kvart ord som kjem frå Herrens munn. 4#29,5; Neh 9,21Kleda du hadde på deg, vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra. 5#Ordt 3,12Og du skal vita i hjartet ditt at Herren din Gud vil oppdra deg liksom ein mann oppdreg son sin. 6Då skal du òg halda boda til Herren din Gud så du går på hans vegar og har age for han.
7For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet, 8eit land med kveite og bygg, med vinstokkar, fikentre og granatepletre, eit land med olivenolje og honning, 9eit land der du ikkje skal eta brødet ditt i fattigdom og ikkje mangla nokon ting, eit land der det er jern i steinane og du kan bryta kopar ut av fjellet. 10Der skal du eta og bli mett og velsigna Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.
Åtvaring mot å gløyma Herren
11Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda boda, lovene og forskriftene hans som eg i dag byd deg å halda. 12Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, 13når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mengder av gull og sølv og eigedomane dine veks, 14ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset. 15#2 Mos 17,6; 4 Mos 20,11; 21,6–9Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege ørkenen med giftslangar og skorpionar, eit uttørka land utan vatn. Han lét vatnet strøyma for deg frå harde fjellet, 16han lét deg eta manna i ørkenen, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt om. Alt dette gjorde han fordi han ville audmjuka deg og prøva deg og så gjera vel mot deg til slutt.
17Du kan seia i hjartet ditt: «Det er mi eiga kraft og mi sterke hand som har skaffa meg denne rikdomen.» 18#28,1–14Men hugs Herren din Gud, for det er han som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Slik vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine, slik han òg gjer det i dag. 19#28,15–68; 30,17–20; Jos 23,16Men om du gløymer Herren din Gud og følgjer andre gudar, dyrkar dei og tilbed dei, då skal de gå til grunne. Det er vitnemålet mitt til dykk i dag. 20Liksom folkeslaga Herren utryddar for dykk, skal de sjølve gå til grunne fordi de ikkje ville høyra på røysta til Herren dykkar Gud.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på