2. Krønikebok 36

36
Kongane Joahas og Jojakim
1 # 2 Kong 23,31–24,7 Folket i landet tok Joahas, son til Josjia, og gjorde han til konge i Jerusalem etter faren. 2Joahas var tjuetre år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. 3#36,3 ein talent ca. 34,2 kg.Men kongen i Egypt avsette han i Jerusalem, og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull. 4#36,4 Eljakim, Jojakim >2 Kong 23,34.Så sette Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joahas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.
5Jojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. 6#Dan 1,1fKong Nebukadnesar av Babel drog opp mot han. Han batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel. 7#Esra 1,7Nebukadnesar tok òg med seg tempelutstyr frå Herrens hus til Babel og sette det i tempelet sitt der. 8Det som elles er å seia om Jojakim, om det avskyelege han gjorde, og som han vart funnen skuldig i, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.
Juda-riket går under
9 # 2 Kong 24,8–20 # 36,9 åtte år 2 Kong 24,8 har «atten år». Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge. 10#Jer 52,1f#36,10 Sidkia >2 Kong 24,17. bror 2 Kong 24,17 har «onkel».Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lét han henta til Babel, saman med kostesame ting frå Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem.
11Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. 12Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. Og han audmjuka seg ikkje for Jeremia, profeten som tala ord frå Herrens munn.
13 # 2 Kong 25,1–21; Jer 52,3–11 Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stivnakka og hardhjarta og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud. 14#5 Mos 18,9Leiarane for prestane og folket vart òg meir og meir trulause, og dei tok etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga. Dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem. 15#Jer 25,4Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skåna folket sitt og bustaden sin. 16Men dei hånte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart så stor at det ikkje meir fanst råd.
17 # 36,17 kaldearkongen babylonarkongen Nebukadnesar, v. 6. Då lét han kaldearkongen dra opp mot dei. Han drap dei unge mennene deira med sverd i heilagdomen og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Alt vart gjeve over i kongens hender. 18#Jer 27,18ffAlt utstyret i Guds hus, både stort og smått, og skattane i Herrens hus og skattane til kongen og stormennene hans – alt tok han med seg til Babel. 19Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei i brann, og dei øydela alle kostesame ting. 20#36,20 til persarane fekk makta i 539 f.Kr.Dei som slapp unna sverdet, førte han i eksil til Babel. Der vart dei slavar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta. 21#3 Mos 26,34f; Jer 25,11f; 29,10Såleis vart Herrens ord gjennom Jeremia oppfylt. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var gått.
22 # Esra 1,1ff I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg: 23#Jes 44,28«Så seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk høyrer til hans folk? Må Herren hans Gud vera med han. Lat han fara opp!»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på