1. Kongebok 7

7
Salomo byggjer kongeborga
1 # 6,38; 9,10 Salomo bygde på kongeborga si i tretten år før han fekk henne ferdig.
2 # 7,2 Libanon-skoghuset ein stor hall med søyler av sedertre, som likna ein skog. alen >6,2. Han bygde Libanon-skoghuset, hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar. 3Det var eit tak av sedertre over takbjelkane som kvilte mot søylene. I alt var det førtifem, femten i kvar rad. 4Huset hadde tre rader glas med karmar. Glasa låg beint imot kvarandre i tre høgder. 5Alle dørene og glasa hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.
6Så bygde han søylehallen, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor han var det ein forhall med søyler, og framfor den eit skjermtak. 7Dessutan bygde han tronhallen, der han sat og dømde, Domshallen. Han kledde han med sedertre frå golv til tak.
8 # 3,1 Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhallen. Det var bygd på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det likna forhallen.
9Alle desse bygningane var av kostbare steinar som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnmuren til gesimsen og på utsida ut mot den store borggarden. 10Grunnmuren var av kostbare og store steinar, steinar på ti alner og på åtte alner. 11Over dei var det kostbare steinar som var hogne etter mål, og sedertre. 12Rundt den store føregarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Slik var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhallen.
Utstyret til tempelet
13 # 2 Krøn 2,13ff Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyros. 14#2 Mos 31,3f Han var son til ei enkje av Naftali-stammen, og far hans var ein koparsmed frå Tyros. Hiram hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort.
15 # 2 Kong 25,17; 2 Krøn 3,15 # 7,15 bronsesøylene framfor inngangen til tempelet. Jf. v. 21. Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner for å nå ikring henne. Den andre søyla var like stor. 16Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt. 17På søylehovuda øvst på søylene var det slyngornament: blomeranker i form av lenkjearbeid, sju for kvart søylehovud. 18Han laga to rader med granateple kring det eine av ornamenta som skulle dekkja søylehovuda øvst på søylene. Slik gjorde han med det andre søylehovudet òg. 19Hovuda øvst på søylene i forhallen var forma som liljer og målte fire alner. 20Rundt begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktinga på den andre sida av ornamentet, hang to hundre granateple i rekkjer.
21 # 7,21 Jakin, Boas Namna tyder truleg «(Gud) gjer fast» og «i han er styrke». Han reiste søylene attmed forhallen til tempelet. Han reiste opp den høgre søyla og kalla henne Jakin. Så reiste han opp den venstre søyla og kalla henne Boas. 22Øvst på søylene var handverk av liljer. No var arbeidet med søylene fullført.
23 # 2 Krøn 4,2ff # 7,23 havet eit stor kar med vatn til alle slag reinsingsråder. Jf. 4 Mos 19. Så laga han havet av støypt metall. Det var sirkelforma og målte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og omkrinsen var tretti alner målt med målesnor. 24Nedanfor kanten var det prydd med graskar heile vegen rundt. Dei omkransa heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med graskarutsmykkingar, støypte i eitt med havet. 25Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei. 26#7,26 2000 bat ca. 72 800 l. Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ein lotusblom. Havet romma to tusen bat.
27Så laga han ti vognstativ i bronse. Kvart stativ var fire alner langt, fire alner breitt og tre alner høgt. 28Vognstativa var laga slik: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene. 29På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det òg på rammelistene. Under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid. 30Kvart vognstativ hadde fire hjul av bronse og akslar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar som var støypte på under vassfatet. Bak kvar av dei var det kransar. 31Opninga for kvart vognstativ var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Opninga var rund, hadde form som ein sokkel og var på halvanna alen. Det var utskjeringar på opninga òg. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde.
32Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulakslane sat på vognstativet. Kvart hjul var halvanna alen høgt. 33Hjula var laga som vognhjul; akslane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt. 34Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart vognstativ. Berearmane var ein del av stativet. 35Øvst på kvart vognstativ gjekk ein runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst og var støypte i eitt med stativet. 36På flatsida av handtaka og på tverrlistene skar han ut kjerubar, løver og palmar etter som det var rom til, og kransar rundt ikring. 37Slik laga han dei ti vognstativa. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form.
38 # 2 Krøn 4,6 # 7,38 40 bat ca. 1456 l. Så laga han ti bronsefat. Kvart fat tok førti bat og målte fire alner. Det var eitt fat for kvart av dei ti vognstativa. 39#2 Krøn 4,10 Fem av vognstativa sette han på høgre sida av tempelet og fem på venstre sida. Havet sette han på høgre sida av huset, mot søraust.
40 # 2 Mos 27,3; 2 Krøn 4,11ff Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført alt handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus: 41to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene; 42dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene; 43dei ti vognstativa og dei ti fata til kvart av dei; 44havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det; 45grytene, eldskuffene og offerskålene. Alt dette utstyret som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.
46Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan. 47Salomo sette på plass alt utstyret, som var i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.
48 # 2 Mos 25,23ff Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på; 49#2 Mos 25,31ff; 2 Krøn 4,7 lysestakane, fem til høgre og fem til venstre framfor Det høgheilage, av reint gull, blomeornamenta, lampene og tengene av gull; 50bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Panelet på dørene til det inste rommet, Det høgheilage, og panelet på dørene til tempelhallen var lagt med gull.
51 # 2 Sam 8,10–12; 2 Krøn 5,1 Så var det fullført, alt arbeidet som kong Salomo hadde gjort på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigd til Herren, både sølvet og gullet og alt utstyret. Han la det inn i skattkammera i Herrens hus.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på