1. Kongebok 15

15
Kong Abia i Juda
1 # 2 Krøn 13,1ff I det attande styringsåret til Jeroboam, son til Nebat, vart Abia konge i Juda. 2Han regjerte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Maaka og var dotter til Absalom. 3Abia gjorde alle dei synder som far hans hadde gjort før han. Han heldt seg ikkje til Herren sin Gud av heile sitt hjarte slik som stamfar hans, David, hadde gjort. 4#11,36 Men for Davids skuld lét Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem. Han gav han ein son som kunne følgja etter han, og lét Jerusalem få stå. 5#2 Sam 11,1ff For David gjorde det som var rett i Herrens auge. I heile sitt liv veik han ikkje frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria.
6Heile tida var det krig mellom Abia og Jeroboam. 7#2 Krøn 13,2ff Det som elles er å fortelja om Abia og alt det han utretta, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. Mellom Abia og Jeroboam var det krig. 8#2 Krøn 14,1 Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han.
Kong Asa i Juda
9I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda. 10Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Maaka og var dotter til Absalom.
11 # 2 Krøn 14,2ff Asa gjorde det som rett var i Herrens auge, liksom David, far hans, hadde gjort. 12#14,24; 22,47 Han jaga dei tempelprostituerte mennene ut av landet, og han fekk vekk alle avgudane som fedrane hans hadde laga. 13#2 Krøn 15,16ff Han tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Asa hogg biletet sund og brende det opp i Kedron-dalen. 14#22,44; 2 Kong 12,3 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Asa heldt seg likevel til Herren av heile sitt hjarte så lenge han levde. 15Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde vigd til Herren, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr.
16Heile tida var det krig mellom Asa og Basja, kongen i Israel. 17#2 Krøn 16,1ff Israels-kongen Basja drog opp mot Juda og bygde festningsverk i Rama så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda. 18#2 Kong 12,18; 16,8; 18,15 Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga. Han gav det til tenarane sine og sende dei til Ben-Hadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han: 19«Det er ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»
20 # 2 Kong 15,29 # 15,20 Ijjon stad lengst nord i landet. Kinneret-bygdene nordvest for Gennesaretsjøen. Ben-Hadad høyrde på kong Asa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Maaka og alle Kinneret-bygdene i tillegg til heile Naftali-landet. 21Då Basja fekk melding om dette, slutta han å byggja festningsverk i Rama. Han slo seg til i Tirsa. 22No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken – og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde brukt då han bygde i Rama. Av dette reiste kong Asa festningsverk i Geba, i Benjamin og i Mispa.
23 # 2 Krøn 16,12ff Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han utretta, og om byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene. 24#2 Krøn 17,1 Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Josjafat, son hans, vart konge etter han.
Kong Nadab i Israel
25I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år. 26Nadab gjorde det som var vondt i Herrens auge. Han vandra på vegen til far sin og i synda hans, synda som han hadde fått israelittane med på.
27 # 15,27 Gibbeton by ved grensa mellom Juda og Filistarlandet. Basja, son til Ahia av Jissakar-stammen, fekk i stand ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel ved Gibbeton, ein by som høyrde filistrane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett. 28Det var i tredje styringsåret til Juda-kongen Asa at Basja drap Nadab og vart konge etter han. 29#14,10ff Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams hus. Han lét ikkje ei levande sjel vera att av kongsætta, men rydda henne heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Ahia frå Sjilo, tenaren sin. 30Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort, og som han hadde fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han gjort Herren, Israels Gud, rasande.
31Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 32Heile tida var det krig mellom Asa og Basja, kongen i Israel.
Kong Basja i Israel
33 # 15,33 Tirsa >14,17. I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Ahia, konge over heile Israel. Han regjerte i Tirsa i tjuefire år. 34Basja gjorde det som var vondt i Herrens auge. Han vandra på Jeroboams veg og i synda hans, den synda som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på