1
Romarane 12:2
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
Sammenlign
Utforsk Romarane 12:2
2
Romarane 12:1
Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.
Utforsk Romarane 12:1
3
Romarane 12:12
Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna.
Utforsk Romarane 12:12
4
Romarane 12:21
Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!
Utforsk Romarane 12:21
5
Romarane 12:10
Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!
Utforsk Romarane 12:10
6
Romarane 12:9
Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!
Utforsk Romarane 12:9
7
Romarane 12:18
Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg.
Utforsk Romarane 12:18
8
Romarane 12:19
Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren.
Utforsk Romarane 12:19
9
Romarane 12:11
Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren!
Utforsk Romarane 12:11
10
Romarane 12:3
Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.
Utforsk Romarane 12:3
11
Romarane 12:17
Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske.
Utforsk Romarane 12:17
12
Romarane 12:16
Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!
Utforsk Romarane 12:16
13
Romarane 12:20
Men: Er fienden din svolten, så lat han få mat, er han tørst, så gjev han drikke. Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.
Utforsk Romarane 12:20
14
Romarane 12:14-15
Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt.
Utforsk Romarane 12:14-15
15
Romarane 12:13
Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie.
Utforsk Romarane 12:13
16
Romarane 12:4-5
Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.
Utforsk Romarane 12:4-5
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer