1
Johannes' openberring 2:4
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik.
Sammenlign
Utforsk Johannes' openberring 2:4
2
Johannes' openberring 2:5
Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort – om du ikkje vender om.
Utforsk Johannes' openberring 2:5
3
Johannes' openberring 2:10
Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel for at de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens sigerskrans!
Utforsk Johannes' openberring 2:10
4
Johannes' openberring 2:7
Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
Utforsk Johannes' openberring 2:7
5
Johannes' openberring 2:2
Eg veit om gjerningane dine: Du har streva, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er løgnarar.
Utforsk Johannes' openberring 2:2
6
Johannes' openberring 2:3
Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.
Utforsk Johannes' openberring 2:3
7
Johannes' openberring 2:17
Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.
Utforsk Johannes' openberring 2:17
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer