1
Salmane 143:10
Bibelen 2011 nynorsk
Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Lat din gode Ande leia meg på jamn grunn.
Sammenlign
Utforsk Salmane 143:10
2
Salmane 143:8
Lat meg høyra om di miskunn om morgonen, eg set mi lit til deg! Lær meg den vegen eg skal gå, for eg lyfter mi sjel til deg.
Utforsk Salmane 143:8
3
Salmane 143:9
Fri meg frå mine fiendar, HERRE! Hos deg søkjer eg ly.
Utforsk Salmane 143:9
4
Salmane 143:11
For ditt namn skuld, HERRE, hald meg i live! Du som er rettferdig, før meg ut av trengsla!
Utforsk Salmane 143:11
5
Salmane 143:1
Ein salme av David. HERRE, høyr mi bøn, vend øyret til mitt rop om nåde! Svar meg, du som er trufast og rettferdig.
Utforsk Salmane 143:1
6
Salmane 143:7
Skund deg og svar meg, HERRE, mi ånd går til grunne. Løyn ikkje andletet for meg, elles blir eg lik dei som går i grav.
Utforsk Salmane 143:7
7
Salmane 143:5
Eg kjem gamle dagar i hug, eg tenkjer på heile ditt verk, grundar på det dine hender har gjort.
Utforsk Salmane 143:5
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer