1
Filipparane 4:6
Bibelen 2011 nynorsk
Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.
Sammenlign
Utforsk Filipparane 4:6
2
Filipparane 4:7
Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.
Utforsk Filipparane 4:7
3
Filipparane 4:8
Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det!
Utforsk Filipparane 4:8
4
Filipparane 4:13
Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.
Utforsk Filipparane 4:13
5
Filipparane 4:4
Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!
Utforsk Filipparane 4:4
6
Filipparane 4:19
Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.
Utforsk Filipparane 4:19
7
Filipparane 4:9
Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk.
Utforsk Filipparane 4:9
8
Filipparane 4:5
Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.
Utforsk Filipparane 4:5
9
Filipparane 4:12
Eg veit kva det er å ha lite, eg veit kva det er å ha overflod. I alt og i alle ting er eg innvigd, å vera mett og vera svolten, å ha overflod og ha for lite.
Utforsk Filipparane 4:12
10
Filipparane 4:11
Eg seier ikkje dette fordi eg leid naud, for eg har lært å klara meg med det eg har.
Utforsk Filipparane 4:11
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer