1
Filipparane 2:3-4
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.
Sammenlign
Utforsk Filipparane 2:3-4
2
Filipparane 2:5
Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
Utforsk Filipparane 2:5
3
Filipparane 2:6-8
Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.
Utforsk Filipparane 2:6-8
4
Filipparane 2:13
For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.
Utforsk Filipparane 2:13
5
Filipparane 2:9-11
Difor har òg Gud opphøgd han til det høgste og gjeve han namnet over alle namn. I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!
Utforsk Filipparane 2:9-11
6
Filipparane 2:14-15
Gjer alt utan murring og misnøye, så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen
Utforsk Filipparane 2:14-15
7
Filipparane 2:12
Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.
Utforsk Filipparane 2:12
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer